Elsjekk

Fire av ti bustadbrannar i Noreg kjem av feil på det elektriske anlegget, eller feil bruk av elektriske apparatur. I mange tilfelle kunne brannen vore unngått dersom det elektriske anlegget hadde blitt sjekka med jamne mellomrom.

Ved å gjennomføre ein elsjekk, går ein av våre elektrikarar gjennom heile det elektriske anlegget i bustaden din og skriver ein tilstandsrapport. Eventuelle feil og manglar vert avdekka og påpeika. Dermed er det enkelt å få oversikt over tilstanden til det elektriske anlegget ditt, og eventuelle feil kan bli oppdaga og utbetra.

Du er sjølv ansvarlig for at det elektriske anlegget i bustaden din er i forsvarlig stand. At du er ansvarlig, betyr at forsikringsselskapet ikkje dekker dei totale kostnadane ved brann dersom det skuldast feil i el-anlegget. Små feil kan få store konsekvensar for deg og familien, både helsemessig og økonomisk. Både gamle og nye hus brenner på grunn av slike feil. For å være på den trygge sida, kan du bestille elsjekk hos oss.

I tillegg til betre branntryggleik vil kontrollen kunne avdekke jordfeil og andre svakheter i anlegget. Me gjer og råd om el-sikkerhet og ENØK.

http://www.sikringen.no/elsjekken/?gclid=COeLp8-p688CFQTjcgodrhMIzg

 

 

electrician