Om Tiko A/S

Tiko AS er ei elektrobedrift som ligg sentralt plassert med butikk og lager ved ferjekaien i Våge sentrum på Tysnes. Sidan oppstartinga i 1985 overtok dagens eigarar i 1998 og har sidan den gong auka bemanninga frå 3 til 14 tilsette.

Tiko AS ynskjer å vera ei framtidsretta bedrift og legg stor vekt på fagkunnskap og set  kvalitet og dokumentasjon av arbeidet som våre kjerneverdiar. Arbeidsområdet spenner frå komplett installasjon av lys, varme, varmepumper, styring, regulering, brann og nødlysanlegg til   livbåtinnstallasjon og veilysanlegg.

Me utfører komplette installasjonar innan sterk og svakstraumsanlegg for næring, bolig, industri, hytter og rehabilitering. Saman med eigen kompetanse, våre dyktige samarbeidspartnarar og leverandørar står me parat til å finna beste løysing for våre viktige kundar.

Tele, data, brannvarsling, internkontroll og elsjekkar er satsingsområde for bedrifta. I tillegg til større industrikundar innan bygg og fiskerinæring sel og monterer Tiko AS varmepumper og skaffar kvitevarer.

Viktige kundar er privataktørar, byggenæringa, installasjon av livbåtar, settefisk/smolt-anlegg  og havbruksanlegg. Me utfører oppdrag i vårt nærområde, samt store og små oppdrag i nærliggande kommunar.

Tiko AS har i fleire år vore ein viktig lokal støttespelar innan handball, fotball, golf, segling, musikk, Tysnesfest samt andre positive innslag for lokalsamfunnet på Tysnes.

Har du spørsmål til oss, eller prosjekt du planlegg er du velkommen inn til oss for ein uforpliktande prat.

Tiko AS