Stolt sponsor

Tiko AS har i ei årrekkje vore ein sterk støttespelar for lokal idrett og kultur.

Kvart år blir ein betydeleg sum satt av til å støtte positive tiltak med størst prioritet på aktivitet for barn, unge og ålmenta generelt.

Tysnesfest er heile kommunen sin  store suksess, og engasjerer folk frå fjern og nært. Det er ei glede for oss å sjå at dugnadsånda på Tysnes  saman med sponsormidlar kan bidra til eit slikt stort arrangement.

Dei siste åra har me bidrege blant anna med lysløypa til ONARHEIM IL i Solheimsdalen, slik at me kan gå på ski etter mørkret frambrudd. På kunstgrasbana til NJARDAR/TYSNES kan ein også nytta lys til å spela fotball, og to av dei aldersbestemte laga har draktsett levert av Tiko AS.

Ynskjer ein å padla havkajakk i SIGLARLAGET NJORD eller spela handball i TYSNESHALLEN har me stått for årlig støtte til utstyr for deira medlemmer.

I tillegg har me sponsa eit av hola hos TYSNES GOLFKLUBB på Dalen og har årlig sponsoravtale med dei.

Utanom det blir små og store gevinststøtter gitt til lokale arrangement,  annonsestøtter og bruk av våre lokale leverandørar ved interne kurs og arrangement.

Det er ikkje utan grunn me vel å kalla oss STOLT SPONSOR for gjennom våre bidrag til lokalsamfunnet brukas  betydelige summar i lokalsamfunnet på Tysnes.