Installasjon

Tiko AS utfører komplette installasjonar innan sterk og svakstraumsanlegg for næring, bustad, industri, hytter, rehabilitering. Saman med eigen kompetanse, dyktige samarbeidspartnarar og leverandørar står me parat til å finna beste løysing for våre viktige kundar.

Tele, data, brannvarsling, internkontroll og elsjekkar er satsingsområde for bedrifta. I tillegg til større industrikundar innan bygg og fiskerinæring sel og monterer Tiko AS varmepumper og skaffar kvitevarer.

Viktige kundar er private, byggenæringa, installasjon av livbåtar, settefisk, smolt og havbruksanlegg. Me utfører oppdrag i vårt nærområde, samt store og små oppdrag i nærliggande kommunar.

Har du spørsmål til oss eller prosjekt du planlegg er du velkommen inn til oss for ein uforpliktande prat.

11224411_895899877125913_6546944141212728915_n